Ein morgen, morgan eller og mari-morgen er eit bretonsk eller walisisk vette i kvendeskapnad, oftast knytt til havet (mor tyder 'hav'). Segner om desse finst og i Bretagne. Dei svarar til våre havfruer, og er kjende for å drukne sjømenn og andre som kjem bort på sjøen, eller å bortføra dei ned i havet og gifta seg med dei.[1] Dei fekk og skulda for flaumar som øydela avlingar eller landsbyar,[2] og stormar på havet. I segna om byen Ys er det kongedottera Dahud som fløymer byen, og ho vert omskapt til ein morgen etter dette.[3]
Morgen er æveleg ung, og er ofte sett på havsbarden der ho sit på stranda og kammar håret sitt. Den eldste kjelda til nemninga er i Vita Merlini av Geoffrey of Monmouth, der herskaren av Avalon er omtalt som «Morgen».[4] I segnene om kong Arthur er Morgen eit av namna på The Lady of the Lake (havfrua). I desse segnene meiner mange ein og finn opphavet til forteljinga om Morgana le fay/Morgaine.[5]